Hopp til innhold
X
Innhald

Fylket tek over fallrettane

Mindre selskap, lokale kraftverk

Både Gaulasamskipnaden og kraftplanane i Lærdal vart lagde bort. Gaulasamskipnaden hadde drege på seg ei stor gjeld på 600.000 kroner. Gaula interkommunale kraftselskap var i realiteten konkurs, og gjekk på tvangsauksjon i 1929. Sogn og Fjordane fylke fekk tilslaget. Handelen bar med seg at fylket tok over gjelda, samstundes som det sikra seg fallrettane i Gaularvassdraget (unnateke Haukedalen). Fylkesmannen fekk fullmakt til å selje fallrettane i Gaularvassdsraget, men dette vart likevel ikkje gjort. Dette var grunnen til at det fylkeseigde kraftselskapet Sogn og Fjordane Kraftverk – seinare SFE – på 1970-talet var det som fremja nye om omstridde planar for utbygging av vassdraget.

Mindre selskap, lokale kraftverk

Etter havariet til Gaulasamskipnaden endra fylket strategi: No vart det planlagd fleire mindre kraftverk i Årøyelva i Sogndal, Henjaelva i Leikanger, ved Mel i Vetlefjorden og i Bøfjordelva ved Leirvik i staden for den storfelte Gaular-planen. Men krisetidene i mellomkrigsåra var harde, og heller ikkje nokon av desse planane vart realiserte før langt seinare.

Vallestadfossen. Her var det planar om kraftutbygging på 1920-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vallestadfossen. Her var det planar om kraftutbygging på 1920-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vallestadfossen i røyr?

På slutten av 1920-talet dukka det likevel opp planar om ei stor regulering av øvre delar av Gaularvassdraget. Ynskjet vart sett fram frå Høyanger der aluminiumsverket no hadde kome seg på fote att og hadde trong for meir straum. Det vart lagd fram planar om å demme opp Haukedalsvatnet med 20 meter, og den brusande Vallestadfossen øvst i Råheimsdalen skulle leggjast i røyr. Men desse radikale reguleringsplanane rann fort ut i sanden. Høyangerverket valde i staden å skaffe seg meir kraft frå utbyggingar som ligg nærare industristaden.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011