Hopp til innhold
X
Innhald

Gaular Idrettslag

Gaular Idrettslag er medeigar i skianlegget på Langeland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Gaular Idrettslag er medeigar i skianlegget på Langeland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag slo seg i 1987 saman til Gaular Idrettslag, og har m.a. fotballbane på Sande og alpinbakke i Årbergsdalen, bygd i 1990.

Tidlegare hadde også grendene Sygna og Osen eit eige idrettslag som heitte Hersenborg Idrettslag. Det var dette idrettslaget som bygde fotballbana i Osen.

I 2006 var Gaular Idrettslag tilskipar av motbakkeløpet Storehesten opp. I 2008 vart NM i motbakkeløp skipa til med Storehesten som toppunkt på løypa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.12.2009