Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Lundekvam

Gunnar Lundekvam (fødd 1816) frå Lundekvam. Kjend som meisterspelemann, gjekk under tilnamnet ”Spele-Gunnja”.

Gunnar Lundekvam (fødd 1816) frå Lundekvam. Kjend som meisterspelemann, gjekk under tilnamnet ”Spele-Gunnja”.

Flytta seinare til Halbrend i Førde (på plassen Spelmannshogen). Spele-Gunnja kunne 150 slåttar, og hadde m.a. spela for Ole Bull. I ein alder av 80 år tok han i 1896 andrepremie på ein kappleik i Bergen etter meisterspelemannen Sjur Helgeland frå Voss. Slektning til spelemannen Ola Nos.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008