Hopp til innhold
X
Innhald

Handelen i Eldalsosen

Gamlebutikken i Eldalsosen i 1934. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Gamlebutikken i Eldalsosen i 1934. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ola Sørensson Gjermundstad starta kring 1860 med handel i Eldalsosen. Butikken heldt først til i eit naust, der Gjermundstad hadde lager av forskjellige hushaldningsvarer, m.a. lampeolje.

Anders Olsen Bell tok seinare over handelen i Eldalsosen, og etter han sonen Sigurd Bell i 1937 under namnet S.A. Bell. Forretninga tok også imot smøret frå Viksdalen Smørlag frå det vart skipa i 1936.

Sigurd Bell bygde nytt forretningsbygg ved vegkrysset i Eldalsosen då han tok over. Han bygde seinare også bensinstasjon. Den låg strategisk til ved den nye Gaularfjellsvegen, som frå 1937 og fram til Høyangertunnelen vart opna i 1982 var einaste sambandsvegen mellom Fjordane og indre Sogn.

Då Sigurd Bell døydde i 1972, dreiv ektemaken Gudrun i nokre år før ho overlet butikken til sonen Willy Bell som arbeidde som personalsjef ved smelteverket i Svelgen. Han dreiv butikken i Eldalsosen med leigd hjelp fram til 2003. Då overtok Magnar Lyngstad butikkdrifta og har sidan drive den som storkiosk og kafé i sommarhalvåret under namnet Eldalsosen Handel.

Butikken ved vegkrysset i Eldalsosen i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Butikken ved vegkrysset i Eldalsosen i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010