Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsplass og jektehamn i Osen

Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Osen var det handel og kremmarsete frå 1640. Her var også gjestgiveri, og Osen var eitt av dei viktigaste sentra i Sunnfjord med stor utskiping av varer, inntil Sveen og Bygstad overtok som handels- og industrisenter for inste Dalsfjorden.

Jektehamn

Gaula vart i gamle dagar sigla av jekter og andre større båtar heilt opp under Osfossen. Her bygde folk lenger oppe i dalen bryggjer og sjøbuer, m.a. ei kommunal kai. Også folk frå Guddal i Fjaler nytta Osen som utskipingshamn og bygde sjøbuer her. Dei henta også vintersilda si denne vegen tilbake til Guddal over den gamle poststien langs Steinsetvatnet (sjå Samferdsle i Gaular).

Kremmarsete frå 1630

Osen var kremmarsete med handel frå 1630. Dette året er det nemnt tre kremmarar i Osen. I tillegg var det ein borgar som dreiv skjenkestove. Ein av desse var bergensaren Rasmus Rasmusson Boe, som i 1737 fekk løyve til å drive handel og gjestgiveri i Osen. Han kjøpte også mange gardar elles i distriktet då Svanøy-godset vart delt og seld på auksjon i 1726.

Gardshusa i Osen, m. a. hovudhuset som Ludvig Rennord sette opp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gardshusa i Osen, m. a. hovudhuset som Ludvig Rennord sette opp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Liten tettstad i Osen

Kring 1800 budde det 65 personar i Osen, og berre 14 av dei hadde tilhald på sjølve hovudbruket. I 1844 fekk Ludvig Rennord handelsprivilieum i Osen. I 1858 starta også Reinhard Sivertsen landhandel i Osen, men flytta i 1866 til Førde og bygde der m.a. Sivertsens Hotell i Førde. Kornelius Eikeland tok over forretninga i Osen. Etter ein lang periode utan handel i Osen, starta Mathias Øvrebø (sjå næring) opp att i 1936.

Bygdesenteret blir flytta

Då Fylkesbaatane tok til å trafikkere i fylket frå 1858, var elveøyra for grunn til at skipa kunne gå inn til Osen. Dampskipskaia vart difor bygd på Sveen lengre vest, seinare Kviteneset, og Osen tapte posisjonen som bygdesenter.

Les også om Osen gard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010