Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Kapstad

Harald Kapstad i Bygstad starta entreprenørforretning i 1969. I 1978 vart det omgjort til aksjeselskap. Verksemda sysselsete då kring 10 personar.

I 2004 vart verksemda flytta til Førde og voks til 23 tilsette og ei omsetning på vel 60 millionar kroner i 2014. Harald Kapstad AS byggjer kontor- og industribygg, husværeprosjekt og offentlege bygg som skular og barnehagar.

Eigedomsselskapet, Kapstad Eigedom AS, kjøpte i 2014 Toyota-bygget på Halbrendsøyra i Førde for 27 millionar kroner. Når Toyota Førde flyttar ut av bygget i 2016 skal Kapstad nytte det dels til eige bruk, dels til utleige.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 16.06.2015
Sist oppdatert: 16.06.2015