Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Kjelstad

Foto: Per Johan Grue, NRK.

Foto: Per Johan Grue, NRK.

Harald Kjelstad fødd 1947 på Kjelstad, busett i Trondheim. Sivilingeniør og SIVA-direktør. Siv.ing. NTH, Trondheim 1972, diverse kurs og delstudium til dr.ing. studium i prosjektadministrasjon, -økonomi og kvalitetsleiing av store prosjekt.

Sjefsingeniør ved Hafslund Hydropower, leiar for Hafslund Hydropower Norge 1984-1986. Sjefsing. Hafslund Engineering AS. Frå 1988 adm. dir. i Selskapet for Industrivekstanlegg - SIVA.

Har ei mengd styreverv og styreleiarverv innan forsking, utdanning, økonomi og industri. Gjesteforelesar ved BI og NTNU og ved utanlandske læresete. Bror til Per Kjelstad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011