Hopp til innhold
X
Innhald

Hekseprosess i Alværa

Gardane Alværa ligg nord for Sande. I slutten av 1720-åra vart Brita Olsdotter Alværen og broren Ola skulda for hekseri. Den ferske kapellanen høyrde rykta og fekk stilt dei to for retten i 1729.

Brita nekta, men vart etter harde forhøyr og tortur ført fram for retten på nytt, og kunne no fortelje at ho hadde møtt sjølvaste Djevelen. Ola fortalde at han kunne stoppe blod og lindre verk med framseiing av trolldomsord. Men kvar og korleis dei hadde utført kunstane sine kom det inga forklaring på.

Oftast vart folk som vart dømde for hekseri i dei dagar piska og deretter halshogne, men denne saka mot syskena Brita og Ola vart lagt vekk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.09.2010