Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Gaular

Koppeepidemiar har teke mange liv i Gaular. På dette biletet frå 1933 køyrer Tomas Horsevik kvinner og barn som skal til Øvrestrand for å bli vaksinerte mot koppar. Passasjerane er Gudrun Kirkeli, Ragnhild Kirkeli, Andrea Horsevik, Ingolf Horsevik, Inga Hage, Målfrid Hage og Johannes Hage.  Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Koppeepidemiar har teke mange liv i Gaular. På dette biletet frå 1933 køyrer Tomas Horsevik kvinner og barn som skal til Øvrestrand for å bli vaksinerte mot koppar. Passasjerane er Gudrun Kirkeli, Ragnhild Kirkeli, Andrea Horsevik, Ingolf Horsevik, Inga Hage, Målfrid Hage og Johannes Hage. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Epidemiar

Epidemiar for sjukdomar som det seinare kom vaksinar mot, kunne herje fælt i heimane i gamle dagar. Under ein koppepidemi i 1771 døydde det 34 born i Gaular. På 1800-talet vart det organisert vaksinasjon mot koppar. Spillsykje, eller lepra, breidde seg mest som ein epidemi på midtre delar av Vestlandet på 1800-talet. Særleg hardt råka var bygdene kring Førdefjorden. I Gaular vart det i 1865 registrert 35 spedalske.

Tenestejenta som fraus i hel

Respekta - eller rettare sagt skrekken - som tenestefolk ofte hadde for arbeidsgjevarane sine var stor i gamle dagar. Det kunne koste både helsa og jamvel livet til småkårsfolk: I 1782 fekk dette eit tragisk utfall på Berge i Bygstad. Ei ung jente som var i teneste hjå kaptein Antzee, vart send til fjells for å leite etter sauer, sjølv om ho då var sjuk og dårleg. Etter eitt døgns mislukka leiting kom ho ned til ein gard i bygda, forfrosen og våt. Ho fekk mat og varme klede og beskjed om å reise heim til garden på Berge. Men det er tydeleg et jenta ikkje torde å kome heim utan å ha funne sauene, for ho hadde reist til fjells att, og vart funnen ihelfrosa på Bergestølen.

Legeordninga i Gaular

Gaular fekk eigen distriktslege i 1915. Før det hadde folk i Gaular delt legeteneste med grannekommunar.

Vaksinering

I 1803 utdanna den idealistiske distriktslegen Christian Bonning Uchermann 16 kvinner som jordmødre kringom i fylket. Men i 1838 var det framleis ikkje meir enn seks jordmødre for heile Fjordane fordi mange kommunar motarbeidde jordmorordninga. Mennene i komunestyra var ikkje innstilte på å bruke pengar på slikt, sjølv om talet på dødfødslar og komplikasjonar for den fødande kravde mange liv. Jordmødrene stod også føre den første vaksineringa mot koppar. Den første primitive metoden med koppevaksinering vart teken i bruk under ein epidemi i 1771. Metoden var at ein stakk hol på ein koppebyll på ein smitta og overførte materien til eit hudsår på det friske barnet som dermed vart vaksinert. Den første vaksineringa i Gaular var i 1808, og påbod om vaksinering i heile landet kom i 1821.

Olina Hestad (1842-1889), også kalla ”Bymora”, var amme hjå fru Selmer i Bergen i ti år. Foto: M. Selmer. © Fylkesarkivet.

Olina Hestad (1842-1889), også kalla ”Bymora”, var amme hjå fru Selmer i Bergen i ti år. Foto: M. Selmer. © Fylkesarkivet.

Sunnfjordammene i Bergen

Velståande kvinner både i byane og på landet tilsette i gamle dagar eigne ammer for speborna sine fordi dei ikkje ville ta bryet med amming sjølve. Ordninga var vanleg heilt fram til kring 1900. I Bergen var det særleg mange ammer som var henta frå Sunnfjord, og Dalsfjorden og Gaular var sterkt representert. I desse bygdene var det vanleg at både husmannskoner og bondekoner tok teneste som ammer i Bergen. Det var ikkje uvanleg at dei let sin eigen nyfødde baby liggje att heime når dei drog som ammer til Bergen. Herskapet i Bergen ville heller ikkje sjå med blide auge på at amma også tok seg av sitt eige barn når dei hadde betalt ho for å gje mjølka til deira eigen unge. Når ammeperioden var over, heldt ammene gjerne fram i teneste som barnejenter. Då vart dei kalla "tørr-ammer". Når ammene vende heim, tok dei med seg nye skikkar for hushald - m.a. at ein skulle vaske golva. Golvvask og anna reinhald var nemleg uvanleg i dei fleste bondestover til langt ut på 1800-talet, skriv sosialantropologen Eilert Sundt.

Helselag og pleie i Gaular

Gaular fekk helsevedtekter i 1918. I 1919 tilsette Bygstad og Sande helselag Hilda Noss som helsesøster, men ho reiste året etter til Amerika, og først i 1930 fekk kommunen fast ordning med helsesøster. I 1929 kom det også Helselag i Viksdalen.

Tannrøkt

I ein kort periode praktiserte det eit par tannlegar i Bygstad, men det var først på 1950-talet at kommunen fekk fast skuletannrøkt.

Alders- og sjukeheimen på Sande

Den første aldersheimen på Sande starta i 1937 med 20 plassar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018