Hopp til innhold
X
Innhald

Hestad kapell

Hestad kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestad kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestad kapell er reist på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden , er frå 1805. Kapellet er truleg bygd på dugnad av bygdefolket og har eit enkelt interiør. Altarlysestakane er frå 1700-talet. Altartavle og preikestol er frå byggjeåret. Altartavla er truleg måla av den kjende dekorasjonsmålaren Kristen Kjelstad.

Gamal kyrkjestad

Kyrkja er utstyrt med låge benkar langs midtgangen som folk må stige over for å kome inn i kyrkjebenkane. På dei låge benkane måtte småkårsfolket sitje. Ute på kyrkjebakken står ein steinsøyle som ein trur kan ha vore feste for gapestokken i bygda. in døypefont frå mellomalderen er flytta til Bergen Muséum, og ein messehakel frå 1700-talet er deponert på Sogn Folkemuséum.

Gamal kyrkjestad

Ein reknar med at Hestad er ein av dei eldste kyrkjestadane i fylket, og at den første kyrkja der vart bygd seint på 1000-talet. Ei stavkyrkje stod på Hestad frå 1327 til 1805, då den vart avløyst av noverande kapell. I kapellet er det ein del tømmer frå den gamle stavkyrkja.

Høyanger og Vadheim sokna til Hestad

I gamal tid sokna folk i Høyanger og Vadheim til kyrkja på Hestad. Dei gjekk den lange vegen over fjellet. Tidleg på 1800-talet drukna eit heilt brurefylgje frå Markeset ved Vadheim på Viksdalsvatnet då dei var på veg til Hestad-kyrkja. Kapellet på hestad er idag eigd av Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane, og det er opa for omvising om sommaren. Eit område på 35 dekar av det karakteriske landskapet kring kapellet vart verna i 1971.

Steinsøyla som kan ha vore feste for gapestokk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinsøyla som kan ha vore feste for gapestokk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2010