Hopp til innhold
X
Innhald

Idretten i Gaular

Langeland Skisenter

Fjellheiane frå Langeland og vestover mot Bringeland og Kalset er eit av dei mest populære skiområda i fylket. I eldre tider var det det lokale idrettslaget «Vidda Idrettslag» for bygdene Skilbrei, Langeland og Hjelmeland som sto for idrettsaktiviteten i dette området.

Langeland Skisenter

Det årvisse Kalsetrennet for både konkurranse- og turklassar har vore arrangert sidan 1968 av Førde Idrettslag. I 1990 bygde Gaular Idrettslag og Førde Idrettslag stadion-anlegg og servicebygg for langsrennssport og skiskyting på Langeland.

Hoppbakke

Kleivabakken på andre sida av E 39 har lange tradisjonar som hoppbakke, og er i dag bygd ut med 5 bakkar, der den største er på K50. Både hoppbakken og skistadion har status som regionale skianlegg.

Fotball og langrenn i Eldalen

Elles i kommunen har Viksdalen eige idrettslag. Dette heitte tidlegare Pil, og har bygd fotballbane og lysløype i Eldalen.

Gaular Idrettslag

Gaular Idrettslag

Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag slo seg i 1987 saman til Gaular Idrettslag, og har m.a. fotballbane på Sande og alpinbakke i Årbergsdalen, bygd 1990.

Hersenborg Idrettslag

- sjå Gaular Idrettslag.

Fotballbane i Osen

Tidlegare hadde også grendene Sygna og Osen eit eige idrettslag som heitte Hersenborg Idrettslag. Det var dette Idrettslaget som bygde fotballbana i Osen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009