Hopp til innhold
X
Innhald

Indre Holmedals Vel

Skipa i 1812. Dette var ei forening som skulle arbeide for «Jorddyrking, Huusflid og Sædelighed hos denne Bygds Bondestand». Foreninga, eller «sogneselskapet», var ein del av folkeopplysningsrørsla i denne tida, og fekk 130 medlemer.

Frå 1836 ser det ut til at foreninga er slegen saman med tilsvarande sogneselskap lengre ute i Dalsfjorden, for så å verte delt att i 1856. Indre Holmedals Vel var i drift til 1877.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2008