Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Gaular

Då Førde Lufthamn vart bygd på Bringeland førde det med seg fleire arbeidsplassar. Helikopterselskapet Airlift har lagt basen sin dit. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Då Førde Lufthamn vart bygd på Bringeland førde det med seg fleire arbeidsplassar. Helikopterselskapet Airlift har lagt basen sin dit. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den tradisjonelle næringa i Gaular ved sida av jordbruket var lenge tønnefabrikasjon. Tønnene vart framstilte både i enkle kjellarbedrifter og i større fabrikkar. I Bygstad vart det i eldre tider også framstilt både såpe, margarin og ski. I dag utgjer helikopterselskapet Airlift og fleire store transportbedrifter nokre av dei største arbeidsplassane i Gaular kommune.

MENYAR:

*Fabrikkar og verkstader i Gaular *Landhandlar i Gaular *Meieria i Gaular *Sagbruka i Gaular *Transportverksemder i Gaular

ENKELTOMTALER:

Handelsplass og jektehamn i Osen

Gaula vart i gamle dagar sigla av jekter og andre større båtar heilt opp under Osfossen. Her bygde folk lenger oppe i dalen bryggjer og sjøbuer, m.a. ei kommunal kai.

Skysstasjonen og handelssetet Sveen

Då det enorme Svanøy-godset vart lagt ut for auksjon i 1727, vart mange gardar i Gaular kjøpte opp av reine jordspekulantar. Slik sikra eigaren i Osen, Rasmus Boe seg Sveen, der det frå gamalt av hadde vore gjestgiveri.

Viksdalsmålinga som næringsveg

På 1800-talet vart dette ei av dei viktigaste inntektskjeldene for folk i Viksdalen.

Sivertsens Hotell på Sande

Sivertsens Hotell på Sande vart bygd i 1838 av Berent Sivertsen, som også dreiv landhandel og skysstasjon.

Julius Johnsen ved stampa på Yndestad i 1954. Foto: Audun Flåm. © Fylkesarkivet.

Julius Johnsen ved stampa på Yndestad i 1954. Foto: Audun Flåm. © Fylkesarkivet.

Mons Johnsen

starta i 1876 fargeri i Bygstad. Han dreiv m.a. stampe ved fossen på Yndestad. Sonen Julius Johnsen tok over i 1922. Firmaet skifta namn til Bygstad Farveri og vart drive til 1952.

Bygstad Farveri

– sjå Mons Johnsen.

Gründeren O. A. Lunde

Ole A. Lunde er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde.

Lundes Hotell

i Bygstad 1885 - sjå Gründeren O. A. Lunde.

Jørgen Furubotn

var fargar. Han slo seg til på Sande, truleg på 1890-talet, der han bygde klesstampe som folk nytta for å mjukne stivt vadmelstøy. Sonen til Jørgen og kona Valgjerd Furubotn var den kjende kommunistleiaren Peder Furubotn (sjå denne - Gulen kommune) som var ein sentral person i Norges Kommunistiske Parti på 1930-og 1940-talet. Familien flytta etter nokre år til Valestrand på Osterøy.

Sparebanken Sogn og Fjordane - tidlegare Gaular Sparebank - på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane - tidlegare Gaular Sparebank - på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaular Sparebank

vart skipa i 1895 med namnet Indre Holmedal Sparebank. Frå 1909 heldt sparebanken til i kommunehuset på Sande, fram til banken bygde eige bygg i 1969. Banken vart slegen saman med Sunnfjord Sparebank i 1980, og gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane i 1988.

Indre Holmedal Sparebank

- sjå GaularSparebank.

Sparebanken Sogn og Fjordane

- sjå Gaular Sparebank.

Nitter Leirvik og Jens Søgnen

pakta på 1890-talet Leirvik-garden i Osen og dreiv handel, sagbruk og mølle. Ludvig Nistad tok over butikken i 1916, og dreiv til 1930-talet.

Forretningsfamilien Berge

I 1897 kjøpte brørne Ivar og Knut Berge eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik i Osen, og starta tønnefabrikasjon. Like etter 1900 starta sonen til Ivar Berge, Johannes Berge, Bygstad Hotell på Kviteneset. Familien dreiv også landhandel på Kviteneset.

Huset som seinare vart Bygstad hotell. © Fylkesarkivet.

Huset som seinare vart Bygstad hotell. © Fylkesarkivet.

Bygstad Hotell

– sjå Forretningsfamilien Berge.

Forretningsfamilien Hjelmeland

– entreprenørbrørne frå Gaular som bygde «halve» Førde.

Skjelsanking

Kring 1900 vart skjelsanking ei viktig inntektskjelde, særleg for folk på Bjørvikstranda. Strendene langs Dalsfjorden vart renska for skjel som vart fylt i småtønner og seld til Nord-Noreg som agn. På Sande var det ein mann som dreiv dette så stort at han fekk tilnamnet «Skjelkongen». (Sjå elles om tilsvarande verksemd i Solund - «Skjelsanking i Solund».)

Gaular branntrygdelag

vart skipa i 1903.

Bygstad landboforening

vart skipa i 1904 og fekk 100 medlemer. Gjennom slike foreiningar kunne bøndene oppnå betre rabattar på innkjøp av m.a. maskiner, gjødsel og såfrø. I 1910 vart det skipa ei liknande foreining på Lunde. Dei fleste lokale innkjøpsforeiningar gjekk inn i Vestlandske Kjøpelag då dette vart skipa i 1910.

Lyder N. Bell

bygde bygdemølle i Bellfossen i Eldalen i 1925. Han organiserte også bygging av eit kraftverk i fossen i 1938. Dette leverte kraft til store deler av dalføret i Eldalen. Mølla brann ned i 1942.

Den gamle lensmannsgarden på Sande var ei kort tid pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle lensmannsgarden på Sande var ei kort tid pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pensjonat på Sande

Søstrene Torborg, Hjørdis og Astrid Sande dreiv i 1928-1930 pensjonat i den gamle lensmanngarden på Sande. Pensjonatet hadde plass til 16 gjestar, og tok for det meste imot såkalla «kondisjonerte» frå Bergen i sommarstida. I det staselege huset hadde lensmanndottera Thea drive jenteskule på 1890-talet (sjå Skular i Gaular). Huset vart i 1937 gamleheim.

Elvarheim kafe

– sjå Skagens Safteri.

Murmeister Olav Lien

Olav Lien starta i mellomkrigsåra som murmeister, og førde opp mange store bygg i både Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Brødrene Lien

- sjå Murmeister Olav Lien.

Olav Lien Murmeisterforretning

- sjå Murmeister Olav Lien.

Herbyrje

pensjonat og kafé vart starta i Bygstad i 1931 av Marta og Andreas Nistad.

Viken Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viken Pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viken Pensjonat

i Viksdalen vart bygt i 1932 av Edvard Viken. Han bygde pensjonat som kunne ta imot 15 overnattingsgjester. Det var kona Martina som dreiv pensjonatet medan Edvard var sjåfør i Firda Billag. Pensjonatet var i drift til slutten av 1990-talet.

Bruse M. Øvrebø

dreiv frå 1936 til tidleg på 1950-talet kafe og pensjonat i Bygstad.

Gaular Kraftlag

vart skipa i 1939 - sjå Gaulasamskipnaden.

Hoff pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoff pensjonat. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoff pensjonat

i Eldalsdalen vart starta i 1949 av Selma og Jens Vallestad. Dei dreiv også kafé og bensinstasjon. Interiøret i i det gamle pensjonatet er restaurert og teke vare på av barnebarnet Heidi Vallestad og ektemaken Sigurd Årskaug.

Døskeland Bruk AS

vart starta på Døskeland i 1968 av Oddgeir Døskeland.

Døskeland Marine AS

- sjå Døskeland Bruk AS.

Harald Kapstad

i Bygstad starta entreprenørforretning i 1969 - frå 1978 som aksjeselskap. Verksemda sysselset i snitt kring kring 10 personar.

Hov Hyttegrend

i Viksdalen vart starta i 1971 av Ottar Hov.

Sande Kro og Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande Kro og Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande Kro og Hotell

på Sande vart bygd i 1977 av Sølvi og Per Kapstad. Hotellet har 30 senger og konferanseplass til 150 personar.

Åmot operagard

Steinar Sørli overtok Åmot gard ved Bygstad i 1997, og har restaurert og gjort garden om til eit kombinert gjestehus og kultursenter der det m.a. har vorte spela opera og stelt i stand gourmetmåltid av meisterkokkar.

Eikeland Bygg AS

på Sande vart starta i 1998 av Egil Eikeland og Frode Loftheim. Verksemda har bygd fleire kommunale bygg i Gaular, har 8 tilsette og i 2001 ei omsetning på 10 millionar kroner.

Dei tilsette i Desirees Lappeteknikk med Desiree Øvretveit nærast.

Dei tilsette i Desirees Lappeteknikk med Desiree Øvretveit nærast.

Desiree Øvretveit

starta i 2000 Desirees Lappeteknikk på Sande. Ho har spesialisert seg på import og internettsal av stoff til lappeteknikk. Broren Per Anders Øvretveit er partnar i verksemda som omset varer for fleire millionar kroner årleg.

Caravan Vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Caravan Vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Caravan Vest AS

vart starta i Førde i 2005 av Bjarte Sunde og Ole Haugsbø. Firmaet sel bubilar og campingvogner. Firmaet vart etter ei tid flytta til Gaular, med hovudkontor på Skilbrei og med produksjon av ståltelt i den tidlegare meieribygningen i Bygstad.

Turisthusvære i Bygstad

Olav Birkeland, som driv daglegvareforretning i Bygstad (sjå Gründeren O. A. Lunde) har og satsa på turisme og servering.

Rideleir i Fosseheimen Naturpark. Foto: Anne Viken.

Rideleir i Fosseheimen Naturpark. Foto: Anne Viken.

Fosseheimen Naturpark

på Lyngstad i Viksdalen vart opna i 2010 av ekteparet Karina Hetle Solheim og Ståle Hetle. Dei investerte ein million kroner for å satse på gardsturisme med eit opplevingstun. I 2012 vart dei tildelt bygdeutviklingsprisen for arbeidet med naturparken.

Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim får bygdeutviklingsprisen av fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Til venstre fylkesvaraordførar Jenny Følling. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Ståle Hetle og Karina Hetle Solheim får bygdeutviklingsprisen av fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Til venstre fylkesvaraordførar Jenny Følling. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2014