Hopp til innhold
X
Innhald

Isak Kolbeinson Lyngstad

Isak Kolbeinson Lyngstad] (1881-1965) frå Lyngstad. Bonde og anleggsarbeidar under utbygginga av Høyanger i 1916.

Isak var uvanleg sterk og seig, og han gjekk ei tid under tittelen "Sunnfjord sterkaste mann". Han arbeidde på Høyanger-anlegga som berar. Ein gong bar han ei kasse på 80 kilo opp til Grimsosen i 578 meter høgde over bygda utan å kvile seg undervegs. I tillegg bar han eit spann med spekesild i neven.

I 2010 vart det avduka ein bauta til minne om Isak Lyngstad på heimegarden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2010