Hopp til innhold
X
Innhald

Jenny Følling

Jenny Følling. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Jenny Følling. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Jenny Følling fødd 1962 i Viksdalen, busett på Bringeland. Næringskonsulent og Sp-politikar. Utdanna agroteknikar. Ho vart i 2003 vald til den første kvinnelege ordføraren i Gaular. Dette vervet hadde ho til 2011 då ho sa frå seg attval.

Ho vart vald inn i fylkestinget i 2003. I 2011 vart ho vald til fylkesvaraordførar, og i 2015 vart ho fylkesordførar.

Følling har elles hatt styreverv i Firda Billag, Sunnfjord Energi, Lutelandet Utvikling og Breibandforum. Ho er leiar i Stamvegutvalet E39, rådsmedlem i Husbanken region vest og sit i programkomiteen i Senterpartiet. Ho har og vore fylkesleiar i KS i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.12.2015