Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Ludvigsson Rennord

Rennord fekk bygt houdhuset i Osen i 1822. Foto: NRK.

Rennord fekk bygt houdhuset i Osen i 1822. Foto: NRK.

Jens Ludvigsson Rennord (1780-1846). Prost og eigar av storgarden Osen gard, der han bygde det staselege hovudhuset 1822, etter at han hadde arva garden frå onkelen Ulrich von Storm (sjå under Friedrich von Storm).

Sokneprest i Ytre Holmedal 1821 og i Indre Holmedal prestegjeld 1825. Prost i Sunnfjord 1826-1946. Skipa og leia Indre Holmedals Misjonsforening (sjå Misjonen stod sterkt) frå 1844. Sjølv stamma prost Rennord frå den mektige og rike futen Hans Thiis Nagel på Svanøy.

Jens Rennord var første ordføraren i Indre Holmedal (seinare Gaular kommune), og sonen, sokneprest Ludvig Rennord (1823-1885) «arva» dette tillitsvervet etter faren.

Dottera til Rennord, Lovise Mathea (1817-1855) slutta slektsringen tilbake til Svanøy ved då gifte seg med haugianaren Ole Torjusson Svanøe i 1840.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011