Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Ivarsson Skagen

Johan Ivarsson Skagen (1814-1910) frå Fossevik, busett på Skagen. Bonde og organisasjonsmann.

Han var døypt Johannes, men skifta namn til Johan. Stod sentralt i den såkalla «bondeven»-rørsla i fylket på 1870-talet, og var med på skiping av bondevensforeiningar i Gaular, Lavik, Kyrkjebø, Førde og Jølster. I foreininga på Sande fekk han med over 300 medlemer, og i Viksdalen hadde lokalforeininga 43 medlemer.

Skagen var i mange år medlem i kommunestyret.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008