Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Bjørvik

Johannes Bjørvik fødd 1944 på Bjørvikstranda. Adm. direktør i COOP Sogn og Fjordane. Bjørvik starta forretningskarrieren som handelslagsstyrar i Brekke i Sogn før han tok handelsutdanning. Deretter arbeidde han ved fleire samyrkelag i Hordaland før han i 1976 vart tilsett i Førde Samyrkelag.

I åra 1990 til 2008 var Bjørvik adm. direktør i samvirkeorganisasjonen som i 2000 fekk namnet COOP Sogn og Fjordane, der dei fleste samvirkelaga i fylket med i alt 42 forretningar er samla.

Bjørvik har leia denne samlingsprosessen. Johannes Bjørvik har hatt framståande verv som tillitsvald i fagforeningar og i COOP NKL i Noreg.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.11.2010