Hopp til innhold
X
Innhald

John C. Aase

John C. Aase (1886–1962) frå Åse. Vegoppsynsmann og oppfinnar.

John C. Aase (1886–1962) frå Åse. Vegoppsynsmann og oppfinnar.

Aase gjekk Sogndal Folkehøgskule i 1904 og reiste til Amerika i 1907. Heimkomen arbeidde han på sagbruk og som fabrikkstyrar ved ein tønnefabrikk i Førde før han i 1927 vart tilsett som vegvaktar og i 1930 som vegoppsynsmann.

I 1928 fann han opp bøyelege brøytestikker som vart ein stor salsartikkel over heile landet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010