Hopp til innhold
X
Innhald

Kampen for vern av Gaula

Wenche Frogn Sellæg var mellom miljøvernministrane som var på synfaring i Gaular den tida striden stod. Det at ho poserte ved eit ”Vern om Gaula”-skilt vart ikkje teke nådig opp av utbyggings-tilhengarane. Foto: Per Kjetil Jørgensen, Firda.

Tidleg på 1960-talet starta Sogn og Fjordane fylke ved Sogn og Fjordane Energi AS planlegging av full utbygging av Gaularvassdraget. Planane tok sikte på regulering av alle falla heilt frå høgfjellet under Jostedalsbreen til og med Osfossen ved fjorden.

Dette utløyste ein av dei største og hardaste stridane kring vassdragsvern i Noreg nokon sinne.

Informasjonskomitéen

Informasjonskomitéen

Motstandarane organiserte seg i Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1971. Dei som gjorde opptaket til Informasjonskomitéen var Trygve Mjell frå Sande, Ottar Hov frå Eldalsdalen, Per Kjelstad frå Haukedalen og Torodd Fagerheim frå Dale. Per Kjelstad vart vald til første formann, men då det etter kvart viste seg at Kjelstad støtta ei moderat utbygging, vart han skifta ut med Trygve Mjell.

Store og godt synlege skilt

Informasjonskomitéen sette m.a. opp godt synlege verneplakatar langs heile vassdraget, og dreiv intens lobbyverksemd på alle politiske nivå. I Gaular organiserte Informasjonskomitéen eiga «verneliste» ved kommunevalet, og fekk ei stor gruppe i kommunestyret.

Ei splitta bygd

Kampen om Gaularvassdraget prega lokalpolitikk og bygdeliv i Gaular i over 20 år. Frontane var harde. Saka skapte fiendskap grannar imellom. Stortingskomitéar og regjeringsdelegasjonar var på fleire synfaringar, og Gaularvass-draget vart ei sentral sak då arbeidet med ein ”Samla plan for vassdragsvern” i Noreg starta på 1970-talet. Kommunal- og milsjøvernkomitéen og tre miljøvernministrar var på synfaring; først Wenche Frogn Sellæg frå Høgre i 1981, Rakel Surlien frå Senterpartiet i 1984 og Sissel Rønbeck frå Arbeidarpartiet i 1986. Også Nordisk ministerråd blanda seg inn i striden i 1990 då rådet peika på at vassdraga i Gaular, Stryn og Flåm var mellom dei mest verneverdige i Norden.

Kart som viser korleis Gaula ville ha vorte utbygd om planane frå 1977 hadde vorte realiserte. Kartet vart utgjeve av Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1979.

Kart som viser korleis Gaula ville ha vorte utbygd om planane frå 1977 hadde vorte realiserte. Kartet vart utgjeve av Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1979.

Falleigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, pressa hardt på for utbygging, men Gaularvassdraget vart varig verna av Stortinget i 1993. Som eit lite plaster på såret, fekk SFE byggje ut Vetlefjordvassdraget i Balestrand kommune i 1985.

Den 27. april 1993 kunne Informasjonskomitéen feire at Gaula var varig verna. På Sande Kro bar Trygve Mjell t.v. og Johan Rørvik inn ei stor sigerskake, medan Torodd Fagerheim sytte for høveleg musikk. I bakgrunnen Gustav Søgnen og Ottar Hov. Foto: Helga Holsen Råheim. Frå boka Kampen om Gaula av Terje Ulvedal

Les meir om striden om utbygging:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.09.2011