Hopp til innhold
X
Innhald

Karl O. Lien

Karl O. Lien starta i 1896 landhandel i Horsevik ved Hestadfjorden. Sonen Olav tok over i 1936. Broren Sigurd dreiv ei tid bakeri. Butikken fekk brevhus i 1905 som vart drive fram til 1970. Butikken tok m.a. imot skinn og talg for vidare omsetning heilt fram til 1960. Då bygda fekk elektrisitet i 1953 , fekk butikken eige fryseri der folk kunne leige seg fryseboksar. Dette var vanleg på 1950-talet før folk fekk eige kjøleskap og heimefrysar. Butikken vart lagt ned i 1979.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010