Hopp til innhold
X
Innhald

Kårstad Transport AS

Kårstad Transport sitt anlegg på Storehaug. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kårstad Transport sitt anlegg på Storehaug. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kårstad Transport AS på Storehaug på vart starta i 1977 av Roar Kårstad. Verksemda hadde i 2002 24 lastebilar og vogntog, 42 tilsette og ei omsetning på 45 millionar kroner.

I 1999 bygde Kårstad stort terminalbygg på Storehaug.

Oppkjøp av konkurrent

I 2008 kjøpte Kårstad Transport i Bygstad 60 prosent av Naustdal Auto A/S på Nordfjordeid. I 2009 var talet på tilsette 85, og Kårstad Transport AS omsette for kring 125 millionar kroner.

Konkurs, nytt selskap og konkurs igjen

Men tidene i tranportnæringa vart tøffare, og verksemda fekk etter kvart ei gjeld som inntektene ikkje heldt tritt med. I 2011 gjekk Kårstad Transport AS konkurs. Då var det 60 tilsette. Men Kårstad-familien fekk kjøpe konkursbuet og dreiv selskapet vidare under namnet Gamle Kårstad Transport, og alle dei 60 tilsette fekk att arbeidet. Men i 2012 gjekk også dette selskapet konkurs, og alle arbeidsplassane gjekk tapt.

Kårstad Transport AS driv m.a. med tømmertransport. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kårstad Transport AS driv m.a. med tømmertransport. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.04.2012