Hopp til innhold
X
Innhald

Klara Berg

 width=

width=

Klara Berg (1925-2011) frå Eldalen. Husmor og Kristeleg Folkeparti-politikar.

Sat i kommunestyret 1967-1991, 12 år i formannskapet, og markerte seg som ein sterk motstandar av kraftbygging i Gaularvassdraget.

Vart valt som første kvinnelege styreleiar for Vestlandske Bondestemna, og var første kvinnelege leiar i fylkeslandsbruksstyret frå 1980 til 1991. Medlem av rådet for landbruksrådgjeving 1980-1984, styremedlem i Statens Kornforretning 1983-1988, og Statens Skoger 1985-1992. Varamedlem Norges Landbruksvitskaplege Forskingsråd 1985-1992.

Medlem av fylkesstyret for Kristeleg Folkeparti i fleire år. Vararepresentant til Stortinget 1981-1989. Søster til Magny Bell Fossen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011