Hopp til innhold
X
Innhald

Koppevaksineringa

I 1765 tok ein i bruk vaksine mot koppar, og ein fekk epidemiane under kontroll ved å gjennomføre massevaksinasjon. Vaksinasjonane vart utførde av lokale folk som fekk ei enkelt opplæring i korleis innpodinga av vaksinen skulle gjerast.
I 1803 utdanna distriktslege Christian Bonning Uchermann 16 kvinner som jordmødre kringom i fylket, men i 1838 var det framleis ikkje meir enn 6 jordmødre for heile Fjordane. Jordmødrene sto også føre den første vaksineringa mot koppar. Den første primitive metoden med koppevaksinering vart teken i bruk under ein epidemi i 1771, ved at ein stakk hol på ein koppebyll på ein smitta og overførte materien til eit hudsår på det friske barnet som skulle vaksinerast. Frå 1810 vart det distriktslegane som hadde ansvaret for koppevaksinasjonen.

Sjå også: Koppeepidemi tok mange liv

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007