Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Gaular

Per Sande, som starta med hesteskyss, kjøpte seg bil og dreiv  med skyss av turistar. Dette biletet er teke på vegen mellom Førde og Sande. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Per Sande, som starta med hesteskyss, kjøpte seg bil og dreiv med skyss av turistar. Dette biletet er teke på vegen mellom Førde og Sande. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vegen Vadheim-Sande-Førde

Sørover til Sognefjorden mot Vadheim kom det skikkeleg køyreveg i 1837. Den avløyste det som vert kalla «køyrande veg» frå ca. 1790-talet.

Råheimsdalen med Vallestadfossen i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Råheimsdalen med Vallestadfossen i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen gjennom Råheimsdalen

vart bygd kring 1860. Den vart forlenga fram til Rørvik ved Haukedalsvatnet på 1920-talet.

Eldalsosen-Mjell

I 1857 vart det vedteke å byggje veg Eldalsosen-Mjell. Men i 1862, då vegen var komen til Lyngstad, var det stopp. Kommunen ville ikkje løyve meir pengar. Folk i øvre Eldalen som hadde ytt pliktarbeid på anlegget, kjende seg svikne. Først etter at fylkesmannen la seg bort i saka og fekk løyvd pengar, vart vegen fullførd til Hov i 1876.

Mjell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mjell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg langs Viksdalsvatnet

– og vegen Vassenden-Vika med varefrakt opp dalen i motorbåten «Viksdølen».

Vegen Bygstad-Viksdalsvatnet

I 1867 prioriterte fylkestinget vegen Osen-Viksdalsvatnet på førsteplass, og kommunen skulle yte ein fjerdepart av kostnaden. Både denne og vegen rundt den stupbratte Saltkjelhammaren mellom Osen og Bygstad var ferdig i 1884. Med denne strekninga vart det samanhengande veg frå Bygstad til Mjell i øvste Eldalen.

Vegen under Saltkjelhammaren mellom Bygstad og Osen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen under Saltkjelhammaren mellom Bygstad og Osen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gaularfjellsvegen

Årleg vart det ført mellom 600 og 1000 hestar og bufe over Gaularfjellet til Sværefjorden i Sogn. I 1847 gjorde difor ordføraren i Sogndal framlegg om at ein burde få vurdert å byggje veg over fjellet. I 1937 var vegen klar til bruk.

Hestad er ei av bygdene på nordsida av Dalsfjorden som fekk veg i 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestad er ei av bygdene på nordsida av Dalsfjorden som fekk veg i 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordsidebygdene

ved Dalsfjorden frå Laukeland til og med Kleppe fekk ikkje veg før vegen over Kleppeåsen var ferdig i 1952. (Desse bygdene høyrde fram til 1990 til Fjaler kommune).

Riksvegen Osen-Dale

vart starta i 1937. Bygdene utover Bjørvikstranda fekk vegsamband med Osen, men den samanmhengande riksvegen heilt fram til Dale vart ikkje opna før i 1958. Heilt fram til då måtte sambandet mellom Bygstad og Dale gå med ferje. Ferjetrafikken vart utført både av private og av Fylkesbaatane. – Les meir om båt- og ferjetrafikken på Dalsfjorden under: Ferdsla på fjorden i Gaular.

Vegen mellom Osen og Dale ved Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Osen og Dale ved Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Roska

Grenda Roska på nordsida av Viksdalsvatnet var av den siste grenda oppover dalen som fekk vegutløysing. Dette skjedde i 1939. Fram til då hadde båt på vatnet vore einaste samband. Om vinteren gjekk folket på isen. Fleire gonger hende det alvorlege ulukker, m.a. i 1894, då to skulejenter og bestefar til eine jenta gjekk gjennom isen og drukna. Nabogarden lengre vest ved Viksdalsvatnet fekk ikkje veg før i 1960.

Taubane til gards

Garden Fleten vest for Bjørvikstranda måtte fram til den fekk vegutløysing i 1969 nytte taubane til gards.

Osen bru  ein gong mellom 1910 og 1920. Denne brua vart øydelagd av ein sprengingstabbe i 1959. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Osen bru ein gong mellom 1910 og 1920. Denne brua vart øydelagd av ein sprengingstabbe i 1959. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Osen-brua vart sprengd

Under utviding ved Osen bru i 1959 gjekk det gale med eit mineskot. Brua vart øydelagt og ramla i elva. Fram til ei provisorisk bru var på plass, måtte m.a. skuleborna frå sørsida roast i båt over Gaula. Ny permanent bru kom ikkje på plass før i 1964.

Osen bru etter sprengingsuhellet i 1959. Foto: Oddvar Rusken.

Osen bru etter sprengingsuhellet i 1959. Foto: Oddvar Rusken.

Bruplanar over Svesundet

Frå tid til anna har det dukka opp planar om bru over Svesundet ved Bygstad. Med ei slik bru slepp ein omvegen om Osen dersom ein skal reise mellom Dale og Bygstad. I 1938 vart det sterkaste brukravet fremja frå eit folkemøte med 300 frammøtte. På 1990-talet har bruplanen kome opp på nytt.

Bygstad med Svesundet sett frå toppen av Storehesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygstad med Svesundet sett frå toppen av Storehesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Solås-Guddal

Folket i øvre Guddalen i Fjaler kommune reiste kring tusenårsskiftet krav om kortare vegsamband til Førde. Eit slikt vegsamband kunne fylgje den gamle postruta som fjekk over fjellskaret frå Steinsetvatnet på sørsida og ned til Solås i Gaular. Den 9,2 kilometer lange vegen fekk fylkesløvingar og vart opna i 2006.

Vegen Solås-Guddal med Sande i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen Solås-Guddal med Sande i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.04.2012