Hopp til innhold
X
Innhald

Kristen Kjelstad

Rosemåling i ”Kjelstadstil”, inspirert av Kristen Gunnarson Kjelstad.

Rosemåling i ”Kjelstadstil”, inspirert av Kristen Gunnarson Kjelstad.

Kristen Gunnarson Kjelstad (1766-1844) frå Øvre Kjelstad. Bonde og rosemålar, og opphavsmann til den kjende «Viksdalsmålinga» eller «Kjelstadstilen».

Rosemålingsstilen er karakterisert m.a. med grasiøse s-ar og stramt komponerte stjerner, oftast måla på rustraud eller koboltblå botn. Truleg var det broren Øystein Kjelstad som laga sjølve korgene og dreia bollar som Kristen dekorerte.

I tillegg til å måle sjølv, tok han mange sambygdingar i lære, og det utvikla seg til ein stor «kjellarindustri» med rosemåling i «Kjelstadstil» av sveipekorger og asker. Årleg kunne det bli produsert over 20.000 gjenstandar av dette slaget i Viksdalen.

Kristen Kjelstad laga også altartavler til Haukedalen kapell i 1794 (Kyrkjer i Førde) og Hestad kapell i 1805.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010