Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Gaular

Hestad kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestad kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viksdalen kyrkje

vart bygd i 1848.

Hestad kapell

som er reist på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden, er frå 1805.

Sande kyrkje

Sande kyrkje er bygd i 1864.

Steinkyrkje på Lunde

Tidlegare har det stått ei kyrkje på garden Lunde nordafor Sande. Denne kyrkja var truleg reist på 1100-talet. Ho er nemnd i skrifter frå 1330. Truleg vart kyrkja lagd ned før 1530.

Bygstad kyrkje

Dagens kyrkje i Bygstad stod opphaveleg på garden Bygstad, der det tidlegare hadde stått ei stavkyrkje frå 1200-talet.

Bygstad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygstad kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2010