Hopp til innhold
X
Innhald

L & M Maskinservice AS

Aase Landbruk held til i denne bygningen på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aase Landbruk held til i denne bygningen på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

L & M Maskinservice AS på Sande vart starta i 1998 av Petter Myrmel og Ingvard Lundekvam. Verksemda har sal og driv service på traktorar og landbruksmaskiner, og importerer frontlastarar og beitepussemaskiner.

Verksemda held til i eit forretningsbygg som tidlegare m.a. inneheldt bilverkstad og Statoilstasjon, bygd på 1960-talet av Ola Olsen, Sande. Verksemda skifta namn til Aase Landbruk då den fekk nye eigarar i 2005. Dette firmaet har hovudkontor i Sandnes.

I september 2011 vart bygningen totalskadd i brann.

Frå brannen 5. september 2011. Foto: Steinar Lote, NRK.

Frå brannen 5. september 2011. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011