Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Gaular

Ei av fleire IOGT-losjer som vart skipa i Gaular i mellomkrigstida. Som vi ser var dei kledde i losjevestar. Framme frå v. Dagny Veiteberg, Karoline Vereide, Astrid Sande, Johanna Hauken, Oline Hauken og Johanna Fossevik. Bak frå v. gjestetalaren, Johannes Systad, Jonas Flatjord, Søren (ukj. etternamn), Mathias Sande og Kristian Skagen. Foto: Hans Hauken. © Fylkesarkivet.

Ei av fleire IOGT-losjer som vart skipa i Gaular i mellomkrigstida. Som vi ser var dei kledde i losjevestar. Framme frå v. Dagny Veiteberg, Karoline Vereide, Astrid Sande, Johanna Hauken, Oline Hauken og Johanna Fossevik. Bak frå v. gjestetalaren, Johannes Systad, Jonas Flatjord, Søren (ukj. etternamn), Mathias Sande og Kristian Skagen. Foto: Hans Hauken. © Fylkesarkivet.

Indre Holmedals Vel

vart skipa i 1812.

Bondevensforeiningar i Gaular

Den første bondevensforeiningai Gaular vart skipa på Sande i 1870.

Elveeigarane organiserte seg tidleg

Alt før 1875 vart det skipa elveeigarlag i Gaular.

Misjonslaga i Gaular

Misjonslaga i Gaular

Gaular har gjennom tidene hatt i alt 167 kristelege lag.

Skilbrei Ungdomssenter

- sjå Misjonslaga i Gaular.

Bygstad Ungdomslag

i Gaular vart skipa i 1895.

Lunde Kvegavlsforening

vart skipa i 1896, og var eit av dei første feavlslaga i Sunnfjord. Laget hadde 23 medlemer, og mellom dei 135 kyrne på medlemsgardane vart 12 kyr valde ut til avlsdyr. Laget var i drift fram til slutten av 1950-talet.

Breidablikk ungdomslag

i Viksdalen vart skipa i 1898.

Medlemer i Breidablikk Ungdomslag i Viksdalen samla, truleg tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Medlemer i Breidablikk Ungdomslag i Viksdalen samla, truleg tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Standnes Ungdomslag

vart skipa i 1912, og skifta namn til Fjorden Ungdomslag i 1921.

Fjorden Ungdomslag

skipa 1921 - sjå Standnes Ungdomslag.

I.O.G.T.-losje Vegvisaren

i Bygstad vart skipa i 1917.

Bygstad og Sande Helselag

vart skipa ca. i 1919. Dei tilsette eiga helsesøster.

Viksdalskoret

vart skipa i 1922.

Viksdalen helselag

vart skipa i 1929.

Deltakarane i eit skirenn i Engjabøhåjen i Bygstad i 1939. Foto: Hans O. Njøsen. © Fylkesarkivet.

Deltakarane i eit skirenn i Engjabøhåjen i Bygstad i 1939. Foto: Hans O. Njøsen. © Fylkesarkivet.

Bygstad Idrettslag

vart skipa i 1934. Gaular Idrettslag vart skipa i 1986 ved samanslåing av Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag.

I.O.G.T.-losje Atle Jarl

i Bygstad vart skipa i 1939.

Pil Idrettslag

i Viksdalen vart skipa i 1948. I 1986 vart namnet endra til Viksdalen Idrettslag. Laget har bygd fotballbane og lysløype i Eldalen.

Sande Bonde og Småbrukarlag

vart skipa ca. 1950.

Bygstad Hornmusikk

vart skipa i 1960.

Bygstad Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygstad Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygstad Samfunnshus

stod ferdig i 1960, og mykje av arbeidet var gjort på dugnad.

Liljeblomen Ungdomslag

i Gaular vart skipa i 1972.

Fjordakoret

vart skipa i 1975.

Sande Blandakor

vart skipa i 1977.

Gaular Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1988.

Gaular pensjonistlag

vart skipa i 1978.

Gaularmarknaden

på Sande har vore ei årviss tilskiping sidan 1981. Det var Sande Idrettslag som starta. Då idrettslaga i Bygstad og på Sande slo seg saman i 1987, heldt dei fram med marknadstradisjonen.

Gaular Idrettslag

Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag slo seg i 1987 saman til Gaular Idrettslag, og har m.a. fotballbane på Sande og alpinbakke i Årbergsdalen, bygd 1990. Tidlegare hadde også grendene Sygna og Osen eit eige idrettslag som heitte Hersenborg Idrettslag. Det var dette Idrettslaget som bygde fotballbana i Osen. I 2006 var Gaular Idrettslag tilskipar av motbakkeløpet Storehesten opp. I 2008 vart NM i motbakkeløp skipa til med Storehesten som toppunkt på løypa. Også i 2013 har Storehesten Opp status som NM i motbakkeløp.

Folksamt på toppen under Storehesten opp. Foto: Eirin Aardal, NRK.

Folksamt på toppen under Storehesten opp. Foto: Eirin Aardal, NRK.

Hersenborg Idrettslag

– sjå Gaular Idrettslag.

Fjordane Flyklubb

Fjordane Flyklubb vart skipa i 1970 og har base på flyplassen på Bringeland, der klubben også driv eigen flyskule.

Langeland skisenter

I 1990 bygde Gaular Idrettslag og Førde Idrettslag stadionanlegg og servicebygg for langsrennssport og skiskyting på Langeland.

Gaularspelet

- eit historiespel som vert framført i Osen kvart år, byggjer på soga om Atle jarl.

Gaularhallen

I januar 2015 vart fleirbrukshallen Gaularhallen på Sande offisielt opna. Heilt sidan 1980 vart det arbeidd for å få bygt ein idrettshall i kommunen. Kostnaden vart 70 millionar kroner.

Gaularhallen. foto Elias Engevik.jpg?w=600

Gaularhallen. Foto: Elias Engevik, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2015