Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket under Osfossen

Stolte fiskarar med ein fin dagsfangst under Osfossen i 1940. Harald Leirvik til venstre. Fiskarane har vi ikkje namna på. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Lervik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stolte fiskarar med ein fin dagsfangst under Osfossen i 1940. Harald Leirvik til venstre. Fiskarane har vi ikkje namna på. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Lervik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Irlendaren Potts

Laksefisket i den store hølen under Osfossen ved utløpet av Gaula er ein av dei mest verdfulle i landet, og ein av dei første fiskehølane som engelske «lakselordar» kasta sine auge på då dei starta sportsfiske i Noreg midt på 1800-talet (sjå "Engelskmennene kjem til Lærdalselvi").

Osfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1870 vart den første laksetrappa i Noreg bygd på sørsida av Osfossen, slik at Gaula vart lakseførande forbi Sande. Det var den irske laksefiskaren William T. Potts som konstruerte trappa saman med fiskerikonsulent Carl Bruun. Den har stått uendra sidan, og er framleis ei av dei mest vellukka laksetrappene i landet.

Over til Gran, Wallendahl og Odfjell

I 1878 kjøpte Potts Osen gard, men då han selde garden til Mo-familien i 1896, vart lakseretten skilt ut saman med hovudhuset på garden og selt til advokat Johan Gran og grosserar Aug. Wallendahl i Bergen. Dei skipa eigedomsselskapet «Aktieselskabet Osen» for eigedomane sine der.

Wallendahl var grunnleggjar av det store handelshuset med same namn i Bergen. Gran vart ein av dei store «fossekjøparane» i Sogn og Fjordane kring hundreårsskiftet (sjå Fossekjøparane i Høyanger).

Frå 1919 til 1934 eigde skipsreiarane Abraham og Andreas Odfjell i Bergen lakserett og hovudhus.

Lakseretten og eigedomsretten til det staselege «Rennord-huset» midt i gardstunet skifta på nytt eigar i 1934, då Dekke-familien tok kontroll, og vart gjennom slektskap overteke av Stamer-familien i i 1947. I dag er lakserettar og hus disponert av Else-Beth Stamer i Drammen. Fiskeretten har vore leigd ut til Årdal og Sunndal Verk, seinare Norsk Hydro etter fusjonen med ÅSV i 1986.

«A river of Norway»

«A river of Norway»

Frå 1897 til 1931 disponerte engelskmannen Sir Charles Thomas-Stanford (d. 1932) laksefisket. Han kjøpte seinare fleire lakserettar oppover elva. I 1903 skreiv han boka «A river of Norway» der han skildrar laksefisket i Gaula og folkelivet kring elva. Kona hans Ellen, Lady Thomas-Stanford (d. 1932), var ein ivrig fotograf, og nytta ferietida i Osen til å fotografere. Denne fotosamlinga vart kopiert på 1990-talet og henta heim att til Osen.

Thomas-Stanford fekk i 1909 bygd seg eit eige hus på Leirvik-garden på Nordsida av Osfossen, og hjelpte også til då gardbrukaren der, Halvor Leirvik, i 1912 bygde eit lite kraftverk under fossen.

Fiskeretten på nordsida av Osfossen leiger Statoil av bonde Halvor Leirvik. Fiskarane på denne sida bur i ein bungalow som i 1972 vart bygd der huset til Thomas-Stanford låg.

Fram til 2006, då det vart skipa eit felles grunneigarlag for den lakseførande delen av Gaula, hadde det vore to grunneigarlag.

Les meir om Osen gard.

Osfossen og Osen gard sett frå brua over fossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osfossen og Osen gard sett frå brua over fossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011