Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Gaular

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Reinhardt S. Sivertsen

(1833-1893), ein slektning av Berent Sivertsen (sjå Sivertsens Hotell på Sande), starta landhandel i Osen i 1858. Han flytta i 1866 og bygde m.a. Sivertsens Hotell i Førde, og i 1875 var handelen i Osen teken over av Kornelius Jakobsen Eikeland. Han hadde også jekt for varetransport til Bergen.

Handelen i Eldalsosen

Ola Sørensson Gjermundstad starta kring 1860 med handel i Eldalsosen. Butikken heldt først til i eit naust.

S. A. Bell landhandel

- sjå Handelen i Eldalsosen.

Viksdalen Smørlag

- sjå Handelen i Eldalsosen.

Eldalsosen handel

- sjå Handelen i Eldalsosen.

Forretningsbygningane og kaia til O.A. Lunde i Eidevika i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygningane og kaia til O.A. Lunde i Eidevika i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gründeren O. A. Lunde

Ole A. Lunde starta i 1872 landhandel heime på Lunde. I 1884 selde han garden på Lunde og kjøpte garden Eidevik, der han i 1885 bygde «Lundes Hotell». I landhandelen «Kvitebua» i Eidevik tok Lunde m.a. imot mykje skogsbær som vart eksportert til Danmark, Tyskland og Amerika. Han dreiv også bakeri, og hadde jekt for varetransport til Bergen.

Janik Hov

og ektemannen Rognald Hellebust starta i 1880 landhandel på Hellebust i Viksdalen.

Viksdalen Handel

- sjå Janik Hov.

Mikal Ellingson Hellebust

starta landhandel i Vikja i Viksdalen på 1880-talet. Nokre år før hadde Rognald Sørensen drive ein liten handel ved elveosen i Vikja. Mikal døydde i 1922, og enkja Eline f. Ørnehaug dreiv handelen fram til kring 1930. Då overlet ho butikken til broren Eckhoff K. Ørnehaug som dreiv til han la ned drifta på 1950-talet.

Landhandel i Sygna

Reinhart Grønhaug starta landhandel i Sygna i 1894. I 1925 overtok Olav Birkeland. I tillegg til vanleg landhandel, tok forretninga imot og selde vidare tønner frå bøkkerane i bygda.

Nitter Leirvik og Jens Søgnen

pakta på 1890-talet Leirvik-garden i Osen og dreiv handel, sagbruk og mølle. Ludvig Nistad tok over butikken i 1916, og dreiv til 1930-talet.

Karl O. Lien

starta i 1896 landhandel i Horsevik ved Hestadfjorden.

Søren O. Øvrebotten

starta i 1896 landhandel i Viksdalen. Dottera Gjertrud , gift med Nikolai A. Holsen, tok over drifta i 1942. I 1949 bygde dei nytt forretningsbygg ved riksvegen. Nikolai Holsen dreiv der under firmanamnet S.O. Øvrebotten til slutten av 1990-talet.

S.O. Øvrebotten

- sjå Søren O. Øvrebotten.

Jens L. Njøsen

starta i 1898 landhandel på Reita i Bygstad - sjå Njøsens margarin- og såpefabrikkar.

Tidlegare Jakob Kirkeli landhandel på Hestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Jakob Kirkeli landhandel på Hestad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandel på Hestad

Jakob Kirkeli starta landhandel på Hestad i 1909. Forretninga dreiv også bensinstasjon, og tok imot heimeproduserte tønner og fiskekasser som vart selde vidare. Her var også postopneri og telefonstasjon, og i eit siderom vart det vege inn smør frå det lokale smørlaget. Ny butikk vart bygd i 1936, og sonen Albert tok over i 1937.

Øvrebø-butikken i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øvrebø-butikken i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mathias M. Øvrebø

starta i 1912 landhandel og tønnefabrikk i Osen, og flytta i 1936 til Bygstad. Han hadde dampskipsekspedisjonen og dreiv også handel med fisk og sild i tillegg til tønneproduksjonen. Då Mathias døydde, dreiv kona Silla verksemda, til sonen Mathias Øvrebø tok over og framleis vert driven av familien i 2002.

I dette huset i Vika heldt landhandelen til Ola M. Hellebust til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset i Vika heldt landhandelen til Ola M. Hellebust til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ola M. Hellebust

starta landhandel på Hellebust i Viksdalen omlag i 1915. Han dreiv også oppkjøp av skinn og kjøt som han selde vidare til Bergen. Sonen Magnus og ektemaken Signe dreiv handelen til dei gjekk konkurs på slutten av 1950-talet.

Landhandelen til Martin L. Nistad og dampskipskaia på Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landhandelen til Martin L. Nistad og dampskipskaia på Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Martin L. Nistad

starta i 1923 landhandel på Bjørvikstranda. Frå 1934 vart han dampskipsekspeditør og fekk telefonstasjonen. Frå 1937 kom brevhuset som frå 1945 vart postopneri. Som så mange andre kjøpmenn langs Dalsfjorden tok også Nistad imot tønner som han selde vidare.

Forretninga til J. O. Tyssekvam har fått namnet Spar Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga til J. O. Tyssekvam har fått namnet Spar Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

J. O. Tyssekvam Landhandel

på Sande vart starta i 1923 av Jens Olsen Tyssekvam. I 1933 tok han i bruk eige foretningsbygg på Skagen, men flytta i 1947 over til sørsida ved brua, der butikken ligg i dag. Seinare har sonen Olav og sonesonen Jarl Tyssekvam drive forretninga, som er tilslutta Spar-kjeda. I 2011 fekk Spar Sande i lag med Åmot operagard den nasjonale Kultur- og næringslivsprisen for arbeidet med opera på Åmot.

Spar Sande

- sjå J. O. Tyssekvam Landhandel.

Ola Mikalsson Viken

starta i 1925 landhandel på Hellebust i Viksdalen. Kona Emma styrte etter at Ola døydde, og butikken vart heitande «Emmahuset». I kjellaren starta Selmer Roseth bakeri som vart drive til 1954.

Karl Øen

dreiv kring 1930 handel ved Vallestadfossen i Viksdalen.

Anton Skilbrei

starta i 1933 landhandel på Sande. Han og kona Berthilde dreiv til slutten av 1950-åra.

Johanne Øvrebø

starta i 1937 landhandel i Osen. I tillegg til handel, dreiv firmaet tønneproduksjon og sysselsette fem personar.

S.A.Bell landhandel

Eldalsosen - sjå Ola Sørensson Gjermundstad, 1860.

I dette huset på Lyngstad i Eldalen hadde Gustav Grytås landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset på Lyngstad i Eldalen hadde Gustav Grytås landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gustav Grytås

starta landhandel på Mjell i Eldalsdalen i 1937 i samband med anleggsarbeidet på Gaularfjellsvegen. I 1942 vart butikken flytta til Lyngstad. Ektemaken Katrine heldt fram med drifta då Gustav døydde i 1964, og ho dreiv fram til butikken vart lagd ned i 1982.

Huset der Per Kårstad hadde landhandel på Bruahåjen i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset der Per Kårstad hadde landhandel på Bruahåjen i Bygstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Kårstad

starta landhandel i Bygstad i 1937 med spesialitet på dame-og herrekonfeksjon.

Lunde Landhandel AS

vart starta ved riksvegen på Lunde av Gustina Lunde i 1944. Butikken vart driven fram til 1986. Ein periode var det også ungdomsherberge i huset som ligg like ved E39.

I dette huset kloss ved E39 på Lunde var det både butikk og ungdomsherberge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset kloss ved E39 på Lunde var det både butikk og ungdomsherberge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande Samvirkelag

vart bygt i 1971 som filial av Førde Samvirkelag. Butikken fekk seinare nemnat Coop Marked Sande og vart ein del av Coop Vest AB, administrert frå Førde. Men i 2011 vart butikken lagd ned. Dei tre tilsette fekk tilbod om arbeid i Coop i Førde.

Coop Marked Sande

- sjå Sande Samvirkelag.

Coop Marked på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Marked på Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.10.2011