Hopp til innhold
X
Innhald

Langeland skisenter

Frå rundløypa frå Langeland om Gjøset har skiløparane praktfullt utsyn til Storehesten. Til vanleg er løypa langt betre preparert enn på dette biletet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Frå rundløypa frå Langeland om Gjøset har skiløparane praktfullt utsyn til Storehesten. Til vanleg er løypa langt betre preparert enn på dette biletet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Fjellheiane frå Langeland og vestover mot Bringeland og Kalset er eitt av dei mest populære skiområda i fylket. I eldre tider var det det lokale idrettslaget "Vidda Idrettslag" for bygdene Skilbrei, Langeland og Hjelmeland som stod føre idrettsaktiviteten i dette området av kommunen.

Det årvisse Kalsetrennet for både konkurranse- og turklassar har vorte skipa til sidan 1968 av Førde Idrettslag.

Skistadion på Langeland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Skistadion på Langeland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

I 1990 bygde Gaular Idrettslag og Førde Idrettslag stadionanlegg og servicebygg for langsrennssport og skiskyting på Langeland.

Kleivabakken på andre sida av E 39 like ved skistadion har lange tradisjonar som hoppbakke. Kleivabakken er i dag bygd ut med fem bakkar, der den største er på K50. Både hoppbakken og skistadion har status som regionale skianlegg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.09.2010