Hopp til innhold
X
Innhald

Legeordninga i Gaular

Det tidlegare Sivertsens Hotell på Sande vart legebustad. I dag er det eit vanleg bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Sivertsens Hotell på Sande vart legebustad. I dag er det eit vanleg bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane. Han vart tilsett i 1802, og hadde tilhald i Innvik i Nordfjord. Noko seinare vart stillinga og Uchermann flytta til Førde.

Heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i fylket – ein for Sogn og ein for Fjordane. I 1836 vart talet på legar auka til fire. Legen for Sunnfjord hadde då tilhald på Storgarden Tysse i Fjaler. Indre Sunnfjord fekk si spesielle legeordning i 1854, då legen Hammer opna praksis i Førde. I 1857 fekk fylket åtte legedistrikt, og Sunnfjord vart delt i eit indre og eit ytre. Frå 1857 delte Gaular distriktslege med Førde og Jølster.

Gaular fekk eigen distriktslege i 1915, etter at kommunen hadde delt legen i Vadheim med Kyrkjebø kommune frå 1893. Det gamle Sivertsens Hotell på Sande vart omgjort til dokterbustad.

Alf Harlem dreiv privatpraksis som lege i Bygstad 1904–1907. Han kjøpte ein av dei første bilane til fylket, var fossespekulant, og er i Gaular kjend som den som obduserte liket i den kjende Hetlesaka.

Langt inn i den moderne medisinen sin tidsalder, arbeidde også dei lokale «bygdedokterane». Ein av dei mest søkte var Sæla-dokteren i Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.09.2010