Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Kapstad

Leif Kapstad. Foto Arild Nybø, NRK.

Leif Kapstad. Foto Arild Nybø, NRK.

Leif Kapstad fødd 1947 i Bygstad, busett på Vassenden. Lege og administrerande sjukehusdirektør.

Utdanna som lege i Tyskland og ved Universitetet i Bergen.

Distriktslege i Førde og Jølster 1976-1981. Lege ved kirurgisk avdeling SSSF 1981-1988. Overlege ved fylkessjukehuset på Nordfjordeid 1988-1995. Overlege ved sjukehuset i Florø 1995-1997. Avdelingssjef ved kirurgisk avdeling SSSF 1997-1999 og assisterande sjeflege ved SSSF 1999-2002.

Første direktør for Helse Førde

Kapstad var 2002-2004 første administrerande direktør i Helse Førde, som er ansvarleg for alle sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Sjå meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2014