Hopp til innhold
X
Innhald

Maritime Montering AS

Maritime Montering. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maritime Montering. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maritime Montering AS vart starta på Bjørvikstranda i 1981 av Odd Birkeland. Verksemda produserer skipsinteriør, og har dotterselskapa Maritime Møbler AS i Molde, som vart kjøpt i 1993, og Maritime Interior UK, Glasgow, som vart skipa i 2001.

Verksemda knytt til Bjørvikstranda har 45 tilsette, i Molde arbeider 60 og i Glasgow 60 personar. Ein stor del av produksjonen går til eksport. Konsernet hadde i 2013 ei omsetning på rundt 200 millionar kroner og hadde eit årsresultat på 12,7 millionar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015