Hopp til innhold
X
Innhald

Meieria i Gaular

Dette biletet er teke rett etter andre verdskrigen, kort tid før Hjelmeland Meieri vart lagt ned. Mikkal Hjelmeland sit med ein vassele på akslane, medan Georg Aase i midten separerer. Til høgre Alfred Hjelmås. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dette biletet er teke rett etter andre verdskrigen, kort tid før Hjelmeland Meieri vart lagt ned. Mikkal Hjelmeland sit med ein vassele på akslane, medan Georg Aase i midten separerer. Til høgre Alfred Hjelmås. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Bygstad Meieri

på Reita var starta 1897 og var i drift til 1952, då Bergensmeieriet bygde sitt nye meierianlegg i Bygstad (sjå nedst på sida).

Hjelmeland Meieri

vart starta i 1898. Det var i drift til 1952 og er teke vare på som meierimuseum. I 1920 vart ein tyfoidfeber som herja i bygdene spreidd gjennom mjølk levert til Hjelmeland Meieri. Meieriet vart stengt og isolert ein månad for å få bukt med smitta.

Lunde Meieri

Lunde Meieri

vart starta i 1898 og var i drift til 1938.

Nes meieri

vart starta 1900, og nedlagd 1952.

Birkeland Meieri

på Bjørvikstranda vart starta 1900 og var i drift til 1938.

Hestad Ysteri

vart starta 1910 og nedlagd 1933.

Raaheimsdalen Meieri

vart starta 1911 og nedlagd 1938.

Vassenden Meieri

ved Haukedalsvatnet vart starta ca. 1911. Det var i drift til 1938.

Sunde Meieri

vart starta 1912 og nedlagd 1938.

Standnes Meieri

vart starta 1912 og nedlagd 1916.

Osen Meieri

vart starta i 1933 og var i drift til 1952.

Bygstad Meieri

vart skipa i 1948 som eit aksjelag for mjølkeprodusentar i Gaular og Dale og Guddalen i Fjaler kommune.

Bergensmeieriet i Bygstad

- sjå Bygstad Meieri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2010