Hopp til innhold
X
Innhald

Meistertjuven på Espeland

Garden Espeland, der Simon Eriksson Espeland voks opp. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Garden Espeland, der Simon Eriksson Espeland voks opp. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Simon Eriksson Espeland frå garden Espeland ved Bringeland, var ein slags «sunnfjordsk Gjest Baardsen» på 1700-talet.

Som 16-åring rømde han frå drengeteneste og gøymde seg i fjellet. For å ha noko og leve av, braut han seg inn på gardar og stølshus og stal mat. Han vart fanga og sett i eit bygdefengsel på garden Kleiva. Her greidde han å røme, og levde fredlaus i fjella kring Senneset til han på nytt vart fanga. No vart han frakta til fengselet på Handelsstaden Sauesund. Her vart han lenka fast til veggen, med jern både kring hender og føter, men greidde likevel å røme.

Fanga til straffarbeid

Han vart arrestert for tredje gong, og no bar det til Bergen og straffarbeid på festninga. Etter å ha sona to år vart han sleppt fri i 1771, og etter nye tjuveritokt i Nordhordland og ytre Sogn vart han sett inn på livstid på festninga. Men til og med her greidde Simon å røme, og no tok ein ingen sjansar: Då han vart fanga på nytt, vart han sendt til Helsingør i Danmark for å sone livet ut i dei mørke fangehola på slottet der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.09.2010