Hopp til innhold
X
Innhald

Misjonen stod sterkt

Ei teljing på 1990-talet viste at det ialt har vore 411 foreiningar i Gaular gjennom tidene. 167 av desse har vore kristelege lag.

Den første foreininga var Indre Holmedal Misjonsforening, skipa i 1844, med sokneprest Jens Rennord som leiar. Sokneprest Ernst Eckoff ivra sterkt for lekmannsrørsla i den tida han var prest frå 1871 til 1876, medan etterfylgjaren Christopher Hammer freista å demme opp for rørsla ved å skipe Sande Indremisjon i 1882.

Striden mellom konservativ og liberal kristendom toppa seg då Gloppestad var sokneprest i Gaular 1903-1921. Han vart direkte skulda av lekmannsrørsla for ikkje å vere ein rett kristen.

I Viksdalen var det også splitting og uro i samband med bygging av bedehuset i Viken på 1920-talet. Motstandarane av bygget meinte det vart reist som ein demonstrasjon mot kyrkja si lære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2008