Hopp til innhold
X
Innhald

Misjonslaga i Gaular

Bedehus i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehus i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Søndfjord Fællesforening

Søndfjord Fællesforening av den indre Mission vart skipa på eit møte i Dale i 1886. Foreninga vart innmeld i Lutherstiftelsen, og heilt fram til 1904 var det prestane som var leiarar i Søndfjord Fællesforening. Då kom det nærmast eit opprør mot ”presteveldet”i krinsen, og lekfolket tok over styringa. Eitt av dei 11 laga som var med på skipinga av fellesforeninga i 1886, var Indre Holmedal Misjonsforening i Gaular.

Misjonen stod sterkt

Ei teljing på 1990-talet viste at det i alt har vore 411 foreningar i Gaular gjennom tidene. 167 av desse har vore kristelege lag. Den første foreninga var Indre Holmedal Misjonsforening, skipa i 1844, med sokneprest Jens Rennord som leiar. Sokneprest Ernst Eckoff ivra sterkt for lekmannsrørsla i den tida han var prest i Gaular frå 1871 til 1876, medan etterfylgjaren Christopher Hammer freista å demme opp for rørsla ved å skipe Sande Indremisjon i 1882. Striden mellom konservativ og liberal kristendom toppa seg då Gunnar A. Gloppestad var sokneprest i Gaular 1903-1921. Han vart direkte skulda av lekmannsrørsla for ikkje å vere ein rett kristen. I Viksdalen var det også plitting og uro i samband med bygging av bedehuset i Viken på 1920-talet. Motstandarane av bygget meinte det vart reist som ein demonstrasjon mot kyrkja si lære.

Viksdalen bygdetun med bedehuset frå 1925 itil høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viksdalen bygdetun med bedehuset frå 1925 itil høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehus og bygdetun i Viksdalen

I 1922 gav Anders Hellebust fri tomt til bedehus i Viksdalen, og med stor dugnadsinnsats stod huset ferdig i 1925. Det vart kvass strid i bygda kring bedehuset fordi mange meinte at huset og aktiviteten der var ein provokasjon mot læra slik den vart forkynt i kyrkja av presten. I 1987 vart det nye bygdetunet reist på same tomta. Bygdetunet inneheld m.a. barnehage, bibliotek, legekontor, helsestasjon og bank.

Bedehuset på Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehuset på Bjørvikstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andre bedehus i Gaular

Misjonslaget i Bygstad reiste bedehus i 1905, og bygde nytt hus i 1954. Bjørvikstranda fekk bedehus i 1974. Også Hestadgrend og Hjelmeland har eigne bedehus. Hestadgrend Indremisjon vart skipa i 1911.

Skilbrei Ungdomssenter

vart bygd i 1973 som leir og møteplass for misjonsfolket i Sunnfjord. Dei årvisse Skilbreistemna starta i 1917 på garden til Anna og Ola Skilbrei. I godt ver vart stemna haldne i friluft ved skulehuset. Dersom veret var dårleg, heldt misjonsfolket møta sine på ein tom låve.

Skilbrei Ungdomssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skilbrei Ungdomssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2011