Hopp til innhold
X
Innhald

Murmeister Olav Lien

Olav Lien bygde mellom anna Bygstad Meieri saman med Andreas Hjelmeland. Dette biletet tok Hans O. Njøsen under bygginga i 1951. © Fylkesarkivet.

Olav Lien bygde mellom anna Bygstad Meieri saman med Andreas Hjelmeland. Dette biletet tok Hans O. Njøsen under bygginga i 1951. © Fylkesarkivet.

Olav Lien f. 1912 frå Bygstad starta i mellomkrigsåra som murmeister, og førde opp mange store bygg både i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Firmaet heitte ei kort tid Brørne Lien, fordi han tok inn broren Konrad som kompanjong.

Deretter starta Olav Lien Murmeisterforretning, som på 1960- og 1970-talet hadde kring 20 mann i arbeid. Dei hadde fleire store byggjeoppgåver i Sogn, m.a. mur- og flisarbeidet på den nye kyrkja i Øvre Årdal. Han arbeidde saman med entreprenør Andreas Hjelmeland m.a. om Bygstad Meieri og Førde Meieri.

Det siste bygget som Lien stod føre, var Kvammen kapell i Askvoll kommune, reist i 1977.

kategori:Gaular

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010