Hopp til innhold
X
Innhald

Njøsens margarin- og såpefabrikkar

Reita i Bygstad i 1927. Her starta Jens L. Njøsen  landhandel i 1898. Villaen til høgre står framleis. © Fylkesarkivet.

Reita i Bygstad i 1927. Her starta Jens L. Njøsen landhandel i 1898. Villaen til høgre står framleis. © Fylkesarkivet.

Jens L. Njøsen starta i 1898 landhandel på Reita i Bygstad. Her var det både handel og skysstasjon frå tidlegare, og Njøsen bygde eige forretningsbygg i 1905. Butikken vart driven av familien fram til 1975.

Han dreiv i stor mon bytehandel med bøndene dei første åra: Han tok imot tønner, skinn og bork for vidaresal, og bøndene fekk kjøpmannsvarer i byte. Under 1. verdskrig i 1916 starta han ein liten tønnefabrikk på Sveen. Han bygde i 1919 den staselege villaen som framleis står på Reita. På Reita starta Njøsen i 1925 eige meieri som fekk 46 leverandørar og var i drift til 1952.

Såpefabrikken

I 1926 starta han produksjon av grønsåpe under merkenamnet «Diamant». Såpefabrikken vart nedlagd i 1941 fordi det då vart forbode å framstille grønsåpe.

Kvalfeitt til margarin

Jens Njøsen hadde m.a. investert i aksjar i kvalkokeri. Dette gav han tilgang på rimeleg kvalfeitt, og i 1931 starta han Njøsens Margarinfabrikk som marknadsførte margarinen under namnet «Selje» og «Sunni». For kjøling av produkta, skar Njøsen is på Bringelands- og Skilbreivatna.

Villaen til Njøsen slik han ser ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villaen til Njøsen slik han ser ut i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2010