Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Johannesson Vik

Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Ola Johannessson Vik (1854-1897) frå Viksdalen. Lærar og bladutgjevar. Etter lærarskule i Balestrand kom han til Dalen krins i Bremanger i 1879. I 1890 kjøpte han prenteverk og gav ut bladet «Forteljaren» 1891-1892, og «Livet» 1893. Han var aktiv i målreising og fråhaldsrørsla.

Gav på 1890-talet ut fleire mindre bøker på eige forlag med kristent innhald og om nynorsk målform.

Då Ola døydde, var dei to borna etter han og ektemaken Nille foreldrelause, og dei vart sette bort til andre heimar på Varpe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011