Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Nos

Ola Nos (1849-1923) frå Lundekvam, busett på Nos. Skomakar og spelemann, som gjekk under tilnamnet Spelar-Ola.

Hadde spela i 400 bryllup i Indre Sunnfjord. Han arbeidde som skomakar i Bergen i nokre år til han flytta heim att til Gaular. Slektning til spelemannen Gunnar Lundekvam. Også faren til Ola, Nils Rognaldson Lundekvam (1818-1870), var ein kjend spelemann, og på folkemunne kalla Spele-Nil.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008