Hopp til innhold
X
Innhald

Ola R. Døskeland

Ola R. Døskeland. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Ola R. Døskeland. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Ola Reinhart Olsson Døskeland (1851-1932) frå Døskeland. Bonde og Høgre-politikar.

Var medlem av kommunestyret i fleire periodar, ordførar 1899-1901, og var m.a. formann i skulestyre og bankstyre. Vararepresentant til Stortinget 1900-1909.

Han var ihuga målmann, og stod sentralt i ein kvass strid i 1910 då nynorskfolket tapte kampen om nynorsk i folkeskulen. Saman med andre fekk Døskeland bygd den første laksetrappa i landet i 1870 under Osfossen (sjå Laksefisket under Osfossen).

Son til Ola Rognaldsson Døskeland (sjå denne under «Kjende personar i Gaular fødde før år 1850») og far til Olav Døskeland (sjå denne nedst på sida «Kjende personar i Gaular fødde år 1850-1900»).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011