Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Sørensson Gjermundstad

Ola Sørensson Gjermundstad starta kring 1860 med handel i Eldalsosen.
Butikken heldt først til i eit naust, der han hadde lager av forskjellige hushaldningsvarer, m.a. lampeolje. Anders Olsen Bell tok seinare over handelen i Eldalsosen, og etter han sonen Sigurd Bell i 1937 under namnet S.A. Bell. Forretninga tok også imot smøret frå Viksdalen Smørlag frå det vart skipa i 1936.

Strategisk plassert

Sigurd Bell bygde nytt forretningsbygg ved vegkrysset i Eldalsosen då han tok over. Han bygde seinare også bensinstasjon. Den låg strategisk til ved den nye Gaularfjellsvegen, som frå 1937 og fram til Høyangertunnelen vart opna i 1982 var einaste sambandsveg mellom Fjordane og indre Sogn. Då Sigurd Bell døydde i 1972, dreiv ektemaken Gudrun i nokre år før ho everlet butikken til sonen Willy Bell, som arbeidde som personalsjef ved smelteverket i Svelgen. Han dreiv butikken i Eldalsosen med leigd hjelp fram til 2003. Då overtok Magnar Lyngstad butikkdrifta og har sidan drive den som storkiosk og kafé i sommarhalvåret under namnet Eldalsosen Handel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007