Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Lien

Olav Lien fødd 1912 frå Bygstad starta i mellomkrigsåra som murmeister, og førte opp mange store bygg i både Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.

Firmaet heitte ei kort tid Brørne Lien, fordi han tok inn broren Konrad som kompanjong. Deretter starta Olav Lien Murmeisterforretning, som på 1960- og 1970-talet hadde hadde 20 mann i arbeid. Dei hadde fleire store byggjeoppgåver i Sogn, m.a. mur- og flisarbeidet på kyrkja i Øvre Årdal.

Han arbeidde saman med entreprenør Andreas Hjelmeland m.a. om Bygstad Meieri og Førde meieri. Det siste bygget Lien stod føre, var Kvammen kapell, reist i 1977.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2008