Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Jonsen Storevigen

Ole Jonsen Storevigen (1793-1863) frå Bygstad. Jekteskipper, og landskjend som såkalla «sterk mann».

Gjekk under namnet «Storeviken». Han var ei kjempe av vekst og reiste landet rundt og viste fram kreftene på marknadsplassar. Etter segna skulle han ha lyfta ridehesten til kong Karl Johan med kongen oppå ein gong han var i Kristiania. Kongen kalla han etter dette «Kjempa frå Noreg». Men mannen vart alkoholisert og kom ofte i klammeri. Han var skyssa heim til Bygstad fleire gonger, der han levde på legd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008