Hopp til innhold
X
Innhald

Oppgjeret med Klötzer og co.

Det var reine lynsjestemninga på kaia då Helmut Klötzer vart ført dit etter arrestasjonen. (©Fylkesarkivet)

Det var reine lynsjestemninga på kaia då Helmut Klötzer vart ført dit etter arrestasjonen. (©Fylkesarkivet)

Då nederlaget var eit faktum, freista m.a. Helmut Klötzer og Georg Eisswein å kome seg unna. Truleg var dei på veg til Førde for å kamuflere seg mellom vanlege tyske soldatar der då dei vart arresterte kring Sande i Gaular.

Då Helmut Klötzer seinare vart ført til Høyanger, var det reine lynsjestemninga på kaia. Det same var det frå båten og opp til fengselet då han kom til Vik.

Straffa

Kva fekk dei verste krigsforbrytarane i Sogn og Fjordane i straff? 9. april 1947 fall dommen: Den verste av dei, Helmut Klötzer, fekk den hardaste dommen: Livsvarig straffarbeid. Han vart benåda etter fem år, og reiste som fri mann heim til Tyskland.

Lagmannsrettsdomane den 9. april 1947 på Gestapo-folka og norske nazistar som dreiv tortur i Høyanger:

  • Helmut Klötzer: Livsvarig tvangsarbeid
  • Josef Hroth: Livsvarig tvangsarbeid
  • Leif Krogsæther: 15 års tvangsarbeid
  • Willy Arntzen: Livsvarig tvangsarbeid
  • Gustav Næss Wichne: 18 års tvangsarbeid
Epålettane og daudingehovudet frå uniforma til Klötzer vart tekne vare på av major Olav Rugesæter som var med på arrestasjonen. Han gav dei seinare til Per Kvikne. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 24.11.2011