Hopp til innhold
X
Innhald

Øystein Kjelstad

Øystein Kjelstad (1764-1806) frå Øvre Kjelstad. Kunsthandverkar. Øystein var vanfør, og tok til å lage øskjer og tiner - delvis dreia og sett saman oppå kvarandre som «Kjelstad-hus», eller sveipte tiner og korger, som vart rosemåla av broren Kristen Kjelstad.

Øystein fekk i 1786 premie frå Det Nyttige Selskap for arbeida sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008