Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Hage

Peder Hage fødd 1930 frå Viksdalen. Bonde, Senterparti-politikar og organisasjonsmann.

Peder Hage fødd 1930 frå Viksdalen. Bonde, Senterparti-politikar og organisasjonsmann.

Medlem av kommunestyret i tre periodar, derav fire år som varaordførar. Styremedlem i Vestlandsmeieriet 1968-1978, derav siste året som formann.

Ordførar i representantskapet i Vestlandske Mjølkesentral i sju år i samanslåingstida på 1980-talet. Medlem av representantskapen i Norske Meierier og leiar i kontrollkomiteen i same organisasjon i fleire år.

Styreleiar i Sunnfjord Branntrygdelag frå 1968, og styreleiar i Gjensidige Sogn og Fjordane frå 1986 til 2000. Har elles vore styreleiar i Gaular kraftlag, styremedlem i Svultingen, Sunnfjord Energi og i Firda Billag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011